Salsvilkår
Sist oppdatert: 6. november 2026
1. Avtalen
Avtalen er desse salsvilkåra, opplysningane du får i bookingløysinga, og eventuelle særskilte vilkår me har avtalt skriftleg. Ved motstrid går det som er særskilt avtalt føre, med mindre det strid mot ufråvikeleg lov. Er eitt punkt ugyldig, står resten av avtalen ved lag. Avtalen blir utfylt av dei lovreglane som gjeld kjøp mellom forbrukar og næringsdrivande, og mellom næringsdrivande.
2. Partane
Seljar er Prestakaien Laugarlag, organisasjonsnummer 929 249 976, Prestagarden 2, 5730 Ulvik. Laget driv Laugarstovo, som ligg ved Prestakaien. Du når oss på info@laugarstovo.no. I avtalen er laget kalla «seljar» eller «me».
Kjøpar er den personen eller verksemda som gjer bestillinga, i avtalen kalla «kjøpar» eller «du». Er du forbrukar, gjeld forbrukarvernet i norsk lov fullt ut. Er du næringsdrivande, gjeld ikkje reglane om angrerett.
3. Kva me sel
Me sel plassar i faste, sjølvbetente økter i badstova. Det er ingen vert på staden. Du fyrer opp omnen sjølv, og oppfyringa er rekna inn i økta. Veden er med i prisen og ligg klar i naustet.
Med privat booking har de heile badstova for dykk sjølve, til ein fast pris etter kor mange de er. I tillegg sel me klippekort, gåvekort og årsmedlemskap, sjå punkt 8 og 9. Kva kvar økt kostar, kor lenge ho varer og kva tider som er ledige, ser du i bookingløysinga før du betaler.
Fellesbadinga søndag kl. 11 og drop-in på festdagar er laget sitt eige tilbod og blir ikkje booka her. Desse vilkåra gjeld ikkje for dei.
4. Pris
Prisen står i norske kroner og er den samla prisen du skal betala, med alle avgifter. Kjem det til kostnader som ikkje var oppgjevne då du bestilte, skal me avklara dei skriftleg med deg før dei blir belasta.
5. Bestilling og betaling
Bookinga og betalinga skjer i bookingløysinga hos Periode. Du betaler når du bestiller, og avtalen er bindande frå me har motteke bestillinga.
Avtalen er likevel ikkje bindande dersom det er ein skrive- eller tastefeil i tilbodet eller i bestillinga, og den andre parten skjøna eller måtte ha skjøna at det låg føre ein slik feil.
6. Aldersgrense
Du må vera fylt 16 år for å booka eller bruka badstova åleine. Er du yngre, kan du berre bruka badstova saman med ein vaksen over 18 år. Oppdagar me at ein mindreårig har booka utan ein slik vaksen, kan me avlysa bestillinga.
7. Tilgang til badstova
Etter bookinga får du ein kode på e-post. Koden opnar nøkkelboksen ved døra, og i boksen ligg nøkkelen til hengjelåsen. Lat badstova stå slik du fann henne, og lås att etter deg.
Du har sjølv ansvar for å sjekka at du har fått koden. Får du han ikkje, ser du fyrst i søppelposten og skriv så til info@laugarstovo.no. Me er ikkje bundne til å gje ein kode etter at økta har starta.
8. Avbestilling og angrerett
Ei booka økt er ei fritidsteneste med fastsett dato og tid. For slike tenester er det inga angrerett, jf. angrerettlova § 22 bokstav m. Du kan likevel avbestilla økta di fram til 24 timar før ho byrjar, og då får du tilbake det du betalte. Seinare avbestilling gjev ikkje rett til refusjon.
Eit klipp gjev rett til å booka éin plass i éi økt. Klippekortet gjeld i to år frå kjøpsdagen. Som forbrukar har du 14 dagars angrerett på klippekortet så lenge ingen klipp er brukte. Klipp du ikkje har brukt innan to år, blir ikkje betalte tilbake.
Gåvekortet kjøper du med det beløpet du vel sjølv, og det kan brukast som betaling i bookingløysinga. Som forbrukar har du 14 dagars angrerett frå kjøpet så lenge gåvekortet ikkje er brukt. Gåvekortet kan ikkje løysast inn i pengar.
Vil du bruka angreretten, gjev du oss melding innan fristen, til dømes på e-post til info@laugarstovo.no. Du kan skriva slik, men du må ikkje bruka akkurat denne forma: «Til Prestakaien Laugarlag, Prestagarden 2, 5730 Ulvik, info@laugarstovo.no. Eg melder med dette at eg går frå avtalen om kjøp av (skriv kva det gjeld), kjøpt den (dato). Namn, adresse og dato.»
9. Årsmedlemskap
Årsmedlemskapet i Prestakaien Laugarlag kostar 300 kr i året. Det er ein løpande avtale som blir fornya og betalt kvart år til du seier det opp. Du får medlemsprisen på 75 kr for din eigen plass når du bookar ei fellesøkt innlogga. Andre du har med i bookinga, betaler ordinær pris. Medlemsprisen gjeld ikkje privat booking. Medlemsprisen er personleg, så du kan ikkje dele han eller bruka han på plassen til nokon andre. Gjer du det, gjeld punkt 12.
Som forbrukar har du 14 dagars angrerett på sjølve medlemskapet frå du inngjekk det. Angrar du, får du det du har betalt for medlemskapet tilbake innan 14 dagar frå me fekk melding om det. Har du uttrykkeleg bede oss om å starta tenesta før angrefristen er ute, trekkjer me frå den delen av året som er gått. Økter du har booka med medlemsprisen, følgjer reglane for økter i punkt 8.
Du kan seia opp medlemskapet når som helst i bookingløysinga eller på info@laugarstovo.no. Oppseiinga gjeld frå neste betalingsperiode, og me betaler ikkje tilbake for den perioden som alt er betalt. Endrar me pris eller vilkår, varslar me deg minst 30 dagar før, og endringa gjeld ikkje bakover i tid.
10. Om badstova ikkje er tilgjengeleg
Må me avlysa økta di av grunnar på vår side, til dømes uvêr, andre tryggleiksomsyn eller teknisk svikt, får du heile beløpet tilbake. Me dekkjer ikkje følgjekostnader, som reise eller tapt tid.
Held ikkje badstova den standarden du kunne venta, må du seia frå til oss innan rimeleg tid etter at du oppdaga eller burde ha oppdaga det.
11. Ansvar ved bruk av badstova
Du har sjølv ansvar for din eigen tryggleik og for dei du har booka for, både i badstova, ved bading og på veg til og frå. Høg varme og kaldt vatn er ei påkjenning, og for nokre kan det vera farleg. Vurder sjølv om du og gjestene bør bada.
Du svarar for skade du eller gjestene dine gjer på badstova og utstyret. Er de fleire enn talet på plassar du har booka, kan me krevja erstatning.
Ingenting i desse vilkåra avgrensar ansvar me etter ufråvikeleg lov ikkje kan seia frå oss.
12. Om du ikkje held din del
Brot på bruksreglane eller punkt 9 kan føra til at me hevar avtalen om økta, krev erstatning og ikkje tek imot fleire bookingar frå deg. Å sleppa inn folk som ikkje har betalt, reknar me som eit alvorleg brot. Om nokon skal ekskluderast frå laget, følgjer vedtektene til laget.
13. Personopplysningar
Prestakaien Laugarlag er behandlingsansvarleg for personopplysningane me får når du bookar eller blir medlem. Kva me gjer med dei, står i personvernerklæringa.
14. Klage og tvisteløysing
Har du ei klage, seier du frå til oss på info@laugarstovo.no innan rimeleg tid, så prøver me å finna ei løysing. Kjem me ikkje til semje, kan du ta saka til Forbrukartilsynet for mekling, på telefon 23 40 06 00 eller forbrukartilsynet.no.
