Prestakaien, 5730 Ulvik Økter kvar dag, heile året
Framsida

Personvern

Sist oppdatert: 6. november 2026

1. Kven som er ansvarleg

Prestakaien Laugarlag, organisasjonsnummer 929 249 976, er behandlingsansvarleg for personopplysningane me behandlar når du bookar, kjøper, blir medlem eller kontaktar oss.

2. Kva me samlar inn

Namn, e-post og telefonnummer, bookingane og kjøpa dine, klippa og gåvekorta du har hos oss, og om du er medlem. Opplysningane får me frå deg når du bookar eller kjøper i Periode, eller når du skriv til oss. Me lagrar ikkje kortnummer; betalinga går gjennom betalingsleverandøren.

3. Kva me bruker dei til

Me bruker opplysningane til å senda deg stadfesting og kode, til å halda oversikt over bookingar, klipp, gåvekort og medlemskap, og til å svara deg når du kontaktar oss. Grunnlaget er at det er naudsynt for å oppfylla avtalen med deg.

Sal må me bokføra og ta vare på etter bokføringslova. Grunnlaget er ei rettsleg plikt.

4. Kven som får sjå dei

Me deler opplysningar berre med dei me treng for å levera tenesta. Periode driv bookinga, og Lokalkontoret AS driv nettsida og hjelper laget med bookingløysinga. Dei behandlar opplysningane på våre vegner. Betalingsleverandøren er sjølv behandlingsansvarleg for betalinga. Elles deler me ikkje opplysningar, med mindre lova krev det.

5. Kor lenge me tek vare på dei

Me tek vare på opplysningane så lenge me treng dei for bookingane, medlemskapet og kundeforholdet. Det som gjeld sal, må me etter bokføringslova ta vare på i fem år. Ber du om sletting, slettar me det me ikkje er pålagde å behalda.

6. Rettane dine

Du har rett til innsyn i opplysningane me har om deg, til å få retta det som er feil, og til å få sletta det me ikkje er pålagde å ta vare på. Du kan òg be oss avgrensa behandlinga, protestera mot henne og få opplysningane dine utleverte i eit maskinlesbart format.

Vil du bruka rettane dine, skriv til info@laugarstovo.no. Me svarar innan éin månad. Meiner du me behandlar opplysningane dine feil, kan du klaga til Datatilsynet.

7. Nettsida og informasjonskapslar

Nettsida bruker ikkje informasjonskapslar til marknadsføring. Me måler besøk med Vercel Analytics, utan informasjonskapslar. Skrifta og kartet på sida blir henta frå Google, så nettlesaren din kontaktar Google når du opnar sida, og kartet kan setja eigne kapslar. Bookinga og betalinga hos Periode bruker dei kapslane som trengst for at kassen skal fungera.

Drive av
Prestakaien Laugarlag

Laget eig og driv badstova på dugnad. Inntektene går tilbake til drifta og til bade- og rekreasjonsområdet ved Prestakaien.

Levert av
Lokalkontoret

Lokalkontoret arbeider med offentleg tilgjengelege badstover, og står bak badstova, konseptet og denne heimesida.

lokalkontoret.no
Økter kvar dag, heile året 150 kr per plass, tre timar
Book