top of page
external-file_edited.png

Den heitaste møteplassen i Ulvik!



Laugarstovo er ein vedfyrt sauna i det gamle Prestanaustet ved Prestakaien i Ulvik.
Saunaen blir driven av entusiastar i Prestakaien Laugarlag.
Laugarlaget badar i fjorden året rundt. No kan alle bli med.

Prestakaien Laugarlag er ein heilårsbadeklubb som vart stifta 2020. Me har innreia

ein sauna inne i eit gamalt naust som tidlegare tilhøyrde prestegarden i Ulvik.

Prestakaien og stranda innanfor er eit bade- og rekreasjonsområde for alle i Ulvik, så

vel som turistar og andre besøkande.


Naustet har ei rik historie som me no vidarefører. Me er opptatt av den lokale

kulturarven, og ynskjer å bevara naustet sitt ytre skal, samtidig som me no opnar

eit velferdstilbod for alle. Plasseringa ved Prestakaien skapar eit unikt møtepunkt

ved fjorden, der fortid møter notid i eit fellesskap prega av avslapping og velvære

Illuminated Flower Bud
Best Friends
Brown Leaves
Bli medlem i Prestakaien Laugarlag
 

Kom inn i varmen for eit godt miljø og reduserte prisar.

Kva skjer?

Barneforestilling " Det magiske naustet" i haustferien 11.oktober

Eventyr for barn om naustet og fjorden.
Med skodespelar Amalie Tolo


2 førestillingar: Laurdag 11.oktober kl 12.15 og 13.15. I Prestanaustet ved Prestakaien Ulvik

Kr 100,- per familie inkluderer servering av bakst, juice og kaffi

Bading kvar søndag kl 11

Medlemmer og vener kan vere med på fellesbading kvar søndag kl 11. Denne dagen fyrer medlemene opp i Laugarstovo på dugnad. 


Særs god pris

Medlemmer betaler kr 50 på søndagar. Vipps 

Org.nr: 929 249 976

info@laugarstovo.no

Tlf:  902 01 588

Instagram

Badetemp sist me sjekka:

GOD

Sauna og hjemmeside i samarbeid med

bottom of page